Skip to content

Hardangerakademiet for Fred, Utvikling og Miljø

Nordisk fredsakademi er ei stifting som skipar til symposium og kurs med fred på dagsorden. Vi samarbeider nært med det internasjonale freds- og utviklingsnettverket TRANSCEND, og held til i idylliske Jondal, i hjarta av Hardanger. På desse sidene finn du informasjon om komande og tidlegare arrangement.

SYMPOSIUM 2014

 

Nordisk Fredsakademis årlege symposium arrangerast i Jondal 25-27 juli, 2014, med fordjupingskurs 28-29 juli.  Tema for symposiet er 1814-1914-2014 -Kva har vi lært? Blant føreleserane finn vi fredsforskar Johan Galtung, forfattar Truls Øra, Ove Jacobsen (professor i økologisk økonomi) og Rolf Erik Solheim (medredaktør i Framtidsfrø). I tillegg til føredragene er det lagt opp til gruppearbeid med tema «Løysingsorientert dialog», der deltakarane kan jobba med ulike problemstillingar. Laurdag kveld blir det konsert med Susanne Lundeng, og søndag utflukt til Agatunet.

Me sjår fram til interessante føredrag og diskusjonar, nydeleg musikk og godt lag. Detaljert program vil bli publisert i løpet av kort tid. Velkomen!

 

Informasjon om tidlegare symposier finn du under «Arrangement».