Skip to content

Arrangement i 2011

2011 juni 17
by styret

Nordisk fredsakademi er ei stifting som skipar til symposium og kurs med fred på dagsorden. Vi samarbeider nært med det internasjonale freds- og utviklingsnettverket TRANSCEND, og held til i idylliske Jondal, i hjarta av Hardanger. På desse sidene finn du informasjon om komande og tidlegare arrangement.

Siste nytt: Programmet for symposiet 5. til 8. august vert noko endra etter dei tragiske hendingane i Oslo og på Utøya 22. juli. Edvard Vogt, Frank Aarebrot og Johan Galtung vil nytta føremiddagen 6. august til samtale om terrorhandlingane.

Det øvrige programmet vil sjå på utviklinga i Nord-Afrika og Midtausten, med tema som Libya, Afghanistan, fredsskatt, ikkjevaldeleg konfliktløysing og våpenhandel. Johan Galtung og Hallgeir Langeland er mellom innleiarane. Kongressrepresentant Dennis Kucinich er diverre vorten forhindra frå å koma. I staden har vi fått Carl Fredrik Normann til å leggja fram sine tankar om ein universell holistisk modell for samfunnsutviklinga.

Symposiet finn stad på Jondal skule, med opning på aktivitetshuset Juklafjord fredag kveld. Båe lokala ligg midt i Jondal sentrum. Meir info om program og påmelding finn du her.

Laurdag 6. august vert det dessutan årsmøte i Nordisk fredsakademi, med fokus på vegen vidare i Jondal.

Frå fjorårets symposium. Foto: Alexander Harang

No comments yet

Leave a Reply

Note: You can use basic XHTML in your comments. Your email address will never be published.

Subscribe to this comment feed via RSS