Skip to content

Kursveke 2009

This page in English

Alternative utenrikspolitiske retningar – Felles innenriks politikk i verda.
Nordisk fredsakademi/TRANSCEND-Nordic
Arbeidsseminar i Jondal, Hardanger, 3. – 7. august 2009.

TRANSCEND har eit prosjekt med dette namnet og vi har hatt møte i USA og Japan om dette emnet. Klima og økonomiske kriser gjer temaet meir relevant enn nokonsinne.

Den gamle modellen var utanrikspolitikk som eit uttrykk for nasjonale interesser.

Modellen som tvingar seg fram i dag, er å avstemma (bringa i harmoni) dei forskjellige lands utanrikspolitiske retningar i retning av ein felles, og samtidig ha som målsetting ein felles innanrikspolitikk (Weltinnenpolitik), slik avdøde Carl-Friedrich von Weizsäcker uttrykte det. Vår oppgåve er å utforska dette!

Staden for årets workshop/seminar er Jondal ved Hardangerfjorden, ca 1,5 times køyring frå Bergen. Ankomst blir 2. august og avreise 7. august. (Transport frå og til Bergen flyplass, Flesland, vil verta organisert dersom tidspunkt for ankomst og avreise og flight nummer blir opplyst.)

Programmet for kvar dag er lagt opp slik:

  • Frokost
  • 9-13: Workshop ved Jondal skole ca. 500m fra hotellet (te/kaffi er inkludert i kursavgifta)
  • 13-14: Lunsj
  • 14-16: Arbeidsgrupper
  • Utflukter etter ønske
  • Middag

Johan Galtung vil opna seminaret mandag 3. august. Deretter vil andre ressurspersonar introdusere dagens arbeid resten av veka.

Program

Mandag 3. august
09.00–13.00 Felles innanrikspolitikk i verda
Johan Galtung og Klaudius Ganscyk
13.00–14.00 Lunsj
14.00–16.00 Gruppearbeid
Tysdag 4. august
09.00–13.00 Om Noreg
Alexander Harang
13.00–14.00 Lunsj
14.00–16.00 Gruppearbeid
Onsdag 5. august
09.00–13.00 Om USA
Tom Matyok og Marilyn Langlois
13.00–14.00 Lunsj
14.00–16.00 Gruppearbeid
Torsdag 6. august
09.00–13.00 Om Japan/Om Sør
Kyoko Okumoto og Cesar Villanueva
13.00–14.00 Lunsj
14.00–16.00 Gruppearbeid
Fredag 7. august
09.00–13.00 Arbeid på/med eit felles dokument
13.00 Lunsj

Prisar

Registreringsavgift er NOK 3.000. Registreringsavgift skal betalast ved ankomst.

Overnatting

Nordisk fredsakademi har fått fylgjande tilbod på overnatting med full pensjon (frukost, lunsj og middag) på Folgefonn Gjestetun, omlag 500 meter frå Jondal skule:

Full pensjon i dobbeltrom pr. dag ved Folgefonn Gjestetun er NOK 1.160. dvs NOK 580 pr. person. Med ein person på rommet vert prisen NOK 1.020. Det vert servert kaffi/te i pausane.

Det er konkurranse om overnattingsplassane i Jondal også i august. Nordisk fredsakademi har reservert 25 overnattingsplasser ved Folgefonn gjestetun. Me tilrår at alle som har planar om å delta på kursveka i august alt no sikrar seg overnattingsplass. For andre overnattingstilbod, sjå Jondal turistkontor.

Påmelding

Påmeldingsfrist: 15. juni. Bruk skjemaet nedanfor, eller skriv til ei av desse adressene:

Nordisk fredsakademi
v/ John Skogseth
5627 JONDAL
post(a)nordisk-fredsakademi.no
No comments yet

Leave a Reply

Note: You can use basic XHTML in your comments. Your email address will never be published.

Subscribe to this comment feed via RSS