Symposium 2011
Årets symposium vil vera prega av terrorhandlingane 22. juli. I tillegg vil vi ta opp utviklinga i Nord-Afrika og Midtausten, med tema som Libya, Afghanistan, fredsskatt, ikkjevaldeleg konfliktløysing og våpenhandel. Johan Galtung, Hallgeir Langeland og Carl Fredrik Normann er mellom innleiarane.
Mesteparten av symposiet vil finna stad i paviljongen på Jondal skule. Opninga fredag kveld vert på aktivitetshuset Juklafjord i Jondal sentrum. Laurdag kveld vert det høve til å eta felles middag på Folgefonn gjestetun.
Deltaking
Det er framleis mogleg å melda seg på: Send e-post til post(krøllalfa)nordisk-fredsakademi.no. Pris for å delta er enno ikkje fastsett, men vil ikkje overstiga
- kr 300 for 1 dag
- kr 500 for 2 dagar
- kr 700 for alle dagane
Prisane er inkludert lunsj.
Meld frå om kva dagar som er aktuelle for deg, så skal vi fylgja opp med meir informasjon etter kvart. Velkomen til spanande dagar i Jondal!
Program
Fredag 5. august: Velkomst
17:30: Informasjon på «Juklafjord», turistinfo-huset ved Coop.
18:00– «Fred er bevegelse». Workshop ved IKFF Bergen og Bembo Davis. På Jondal skule.
Laurdag 6. august: Globalt utsyn
09:30–12:00: Panelsamtale med Johan Galtung, Edvard Vogt og Frank Aarebrot. Tema: Terrorhandlingane 22. juli
12:00–13:30: «USA, Midtøsten og verdensfreden». Global fredssak sett frå Washington.
13:30–15:30: Lunsj
16:00–17:30: Presentasjon av lovframlegget om fredsskatt i Tyskland 2010-2011, ved Kampanjen for fredsskatt i Tyskland.
17:30–18:30: Middag, med påfylgjande markering av Hiroshima-dagen ved Johan Galtung.
Sundag 7. august: Noreg i verda
09:30–12:00: Våpenhandelen og fredspolitikken – workshop ved Changemaker (Sara Nes) og Fredslaget (Alexander Harang)
12:00–13:30: Kva kan vi læra frå USA i fredsskatt- og våpenhandelsak? Ved Johan Galtung.
13:30–15:30: Lunsj
16:00–17:30: Ein ny universell, holistisk modell for fred? Ved Carl Fredrik Normann.
Måndag 8. august: Vegen vidare
09:30–12:00: Konflikthandtering i fredsarbeid: ein introduksjon ved Synøve Faldalen frå Sabona.
12:00–13:30: Konflikthåndtering i familien: workshop arrangert av Sabona
13:30–15:30: Lunsj
16:00–17:30: «Fred er bevegelse» – ei oppsummering av årets symposium ved IKFF Bergen og Bembo Davis.
I den fyrste worskhopen på fredagen, «Fred er bevegelse», vil Internasjonal Kvinneliga for Fred og Frihet (IKFF) saman med skodespelaren Bembo Davis introdusera tematikken vi skal ta føre oss gjennom symposiet. Workshopen vil ha norsk som arbeidsspråk. I løpet av dette møtet vil vi laga ei veggavis om symposiet, som vi vender tilbake til i den siste workshopen på måndagen med same tittel. I denne siste workshopen vil vi dela røynsler og konkretisera vidare fredsarbeid på dei felta vi har teke føre oss under langhelga.
Takk Elisabeth – og takk til dere alle som deltok og gjorde årets symposium til en fin opplevelse, med mye godt utbytte.
Takk IKFF, som gjerne vil jobbe i lag fram mot neste symposie!
Her på kommentarplass ser vi fram til å høre fra dere.
Et privilegie å treffe alle de flotte deltakere – må dere ha en god og varm sommer der veiene skilles.
Vel hjem,
mvh
Laila